
Stripeleik
Du treng eitt 5og noste av kvar av monsterfargane, og ein rest i ein kontrastfarge, i Rauma finullgarn eller liknande kvalitet. Til vottar likar eg best garn som ikkje er superwashbehandla. assar litt store damehender. Mi strikkefastheit er ca 28m/1ocm. Legg opp 56 m i kontrastfargen pa p.nr 2,5(evt nr 2) og strikk rundt i glattstrikk pa fem pinnar ca 3cm. Str ein omg vrangt, sa ein omg rett igjen, der du aukar til 60 m. No skifter du til monsterfargane, og p nr 2,5 om du har strikka belegget pa p nr 2, og strikkar striper etter diagrammet fram til omg 28. Der aukar du pa begge sider av den midterste masken i tommelkilen som vist i tommeldiagrammet. Her begynnar du ogsa a strikke monsteret oppa votten. Fortsett a auke etter tommeldiagrammet til du har 13 m til tommelen. Sett desse pa trad etter siste omg i diagrammet, og legg opp 9 m bak traden. Fortsett a strikke votten ferdig etter diagrammet. Fell pa kvar omg etter diagrammet. Tommel: plukk opp 3 maskar i kvar side, ein maske i kvar av dei 9 du la opp pa baksida, og ta med dei 13 maskane pa traden. Strikk tommel over desse 28 maskane. Lat monsteret pa tommelen folgje stripene pa tommelkilen, slik at stripene held fram rett oppover. Etter ca I6 omg er tommelen lang nok til a begynne fellinga. Fell med ein maske i sidene her ogsa, slik som pa sjolve votten, pa kvar omg. Som du ser, har eg brukt ulike symbol for tommelaukinga pa hogre og venstre side. Eg synest det blir penast om dei lener seg til kvar sin kant, og dette gjer du ved a strikke den opplukka traden fra retta pa hogre sida, og vridd pa venstre sida av midtmasken. Pass ogsa pa at traden du plukkar opp er i same farge som garnet du skal strikke masken med. Synest du dette er pirk, sa gjer du det pa din vante mate. Nar du strikkar den siste votten, sa hugs a flytte tommelen til motsett side i handflata!

Pass pa at du held same traden pa hogre og venstre hand gjennom begge vottane, sa blir det jamnast monster.

Kanskje strikkar du lausare eller fastare enn meg. Da kan det vere lurt a skifte til tynnare eller tjukkare pinnar. Nar du har strikka ferdig: fest alle tradar pa vranga, og koyr vottane pa 30 grader ullvask med Milo. Synest du dei er for store enno, kan du lage deg ei blanding av varmt vatn og gronsape eller Sunlightsape, og ha eit kar kaldt vatn ved sida av. Ta pa vottane, dypp i sapevatnet, og gni og form dei med hendene medan du vekslar mellom dei to kara. Hugs at arbeidet krympar i den retninga du gnir. Nar du synest dei er passe store, skyll godt, og strekk/form i fasong. Lat torke for du syr til belegget i kontrastgarn litt laust pa innsida. Tovinga er ei smakssak - du gjer akkurat som du vil her. Eg synest vottane blir best nar eg gjer det slik, sjolv om kanskje monsteret vert litt mindre tydeleg. Du kan ikkje tove superwash-behandla garn. Biletet under her viser korleis tommelkilen er auka. Du ser korleis midtmasken skifter farge for kvar auking, medan dei andre maskane held same fargen heile vegen opp.

Lukke til! Eg hapar a fa sja det ferdige votteparet ditt pa Ravelry.